onsdag 7. juli 2010

Ventar på finare ver..........

Denne lilla valmuen har eg fått hjå svigermor. Skal ta frø og så sjølv til neste år. Nydeleg farge :)
Det er i grunnen ikkje noko å gjera med veret for tida. Dagane vekslar mellom sol og regn, og tempetarturen er heller dårleg. Men i går var det ei fin dag og eg investerte i nye møblar på terrassen. Kan jo håpa på at me kan få brukt dei i løpet av ferien ;) På Jysk hadde dei rottingpotter som stod i stil med møblane, og no er det planta lavendel i dei. Ute i hagen er det mykje fine blomar. Tok nokre bilete her om dagen.





 Det er ikkje alltid at nemesiafrøa spirer så godt. Har fått til nokre og no er dei komen i blomst. Ser ut som at det er mest gule fargar på plantane mine.













I vinterferien sådde eg petunia. Dei er ganske lett å få til. Har fått mange ulike fargar, og her er ein av dei eg planta i ei hengepotte saman med lobelia.

2 kommentarer:

Bente sa...

Gratulerer med nye flotte hagemøbler:) Veldig flotte urner til møblene.Så fine blomsterbilder fra hagen deres:) med ønske om en varmere sommer:)

Elin sa...

Takk for det Bente :) Kjøpte faktisk urnene først. Møblane kjøpte eg på Rema 1000 på Ågotnes.