torsdag 31. desember 2009

Eit par nye kort.

onsdag 30. desember 2009

Då er det snart eit nytt år og eg vil nytta høve til å leggja inn eit bilete av mormor som vert 95 år den 5.januar. Mormor har vore ei aktiv dame i heile livet sitt og sjølv om ho ikkje er så førig lenger, så er ho framleis interessert i kva som skjer både lokalt og elles i verda. Ho har alltid likt å skriva og dikta. Med penn og papir har ho trylla fram dei flottaste strofer i form av songar, dikt, prologar og mykje anna. Ein song som er mykje brukt i ulike samanhangar er Øygardssongen. Her er første verset: Ver med til Øygarden ein liten tur. Så skal de sjå kor Øygardsfolket bur. Ein gard av øyar som stig opp or hav. Det er den staden me er stolte av. Ho har skrive mest om havet fordi det alltid har fasinert henne. Folket i Øygarden har alltid vore knytta til havet og sjøen. I eit anna vers i Øygardssongen står det slik: Og sjøen lokka på kvar mann og gut. Dei greidde garna, og så drog dei ut. Dei visste fisken leika der utpå Og denne leiken fekk dei hug å sjå.