torsdag 25. desember 2008

Gratulerer til Elida som har 20 års dag i dag:)
Det er jul i huset:)

fredag 17. oktober 2008

Fleire bilete frå sjølivet:)

Måsane fulgte oss heile tida. Veret var fint og eg fekk stå ved "roret" Pappa held på med å greia garna. Må gjerast det òg.

Johs og krabben som skulle kokast.

Litt av fangsten som me fekk

.

søndag 5. oktober 2008

Haustferien er over.........

Så er det meste av krukker og blomar kome i hus:) Godt er det, for i går kveld kom det mykje regn og vind. I morgon er det tid for skule og jobb igjen. Haustferien er over og alt skal tilbake til normalen...... To av dagane i haustferien var det garndraging med bestefar og bestemor. Vart mest krabbar og flatfisk. Uansett kjekt med det fine veret som me har hatt:)

tysdag 30. september 2008

Nye kort

Sjølv om hagen blomstrar ganske fint, har eg faktisk rydda litt i dag. Etter at regnet kom sigande vart det tid for kortlaging. Heile 4 kort vart produsert til musikk av Eros Ramasotti. Lenge sidan eg har hørt på dei cd-ane. Ikkje rart at korta vart litt rosa og full av hjarter og kjærleik.

søndag 21. september 2008

Lilla stemning i hagen

Ein nydeleg staude som eg har fått av svigermor.

laurdag 20. september 2008