Så er det meste av krukker og blomar kome i hus:)
Godt er det, for i går kveld kom det mykje regn og vind.
I morgon er det tid for skule og jobb igjen.
Haustferien er over og alt skal tilbake til normalen......
To av dagane i haustferien var det garndraging med bestefar og bestemor.
Vart mest krabbar og flatfisk.
Uansett kjekt med det fine veret som me har hatt:)
Sjølv om hagen blomstrar ganske fint, har eg faktisk rydda litt i dag.
Etter at regnet kom sigande vart det tid for kortlaging.
Heile 4 kort vart produsert til musikk av Eros Ramasotti.
Lenge sidan eg har hørt på dei cd-ane.
Ikkje rart at korta vart litt rosa og full av hjarter og kjærleik.