onsdag 30. juni 2010

Litt bilete frå hagen

Parti frå hagen Nyplanta stemor.
Litt pynt i krukka :)
Japansk kirsebærtre
Fattigmannsorkidè
Tulipanar
Løytnanshjerte
Primula
Fattigmannsorkidè

Lenge sidan sist........

No er det lenge sidan eg har skrive i bloggen min.
Mai vart ein hektisk månad i heimen.
9.mai stod den flotte jenta vår Kristina konfirmant i Hjelme kyrkje.
Me hadde ein minnerik dag som me feira med familie og vener.
Ein glad konfirmant :)
Kvart tredje år er det vårt nabolag som står for 17.mai-arrangementet på Alvheim skule, og i år var det vår tur igjen. Det vert i grunnen ikkje så mykje å styra med dersom alle som skal vera med stiller opp. Mange var flinke og kom med sitt bidrag, så dagen vart vellukka. Sjølv stod eg i kiosken og opptrådde med ein song som mormor har skrive teksten til og Jørn har laga melodi. Opprinneleg er det eit dikt som heiter SOLA.
Dikt skrive av mormora mi, Lilly Troland:
Sola
Eg står ved glaset den seine kvelden, ein kveld så vakker og fin og blid. I vest brenn himlen av solfallelden, og gjev oss bud om at dagen lid. Du signa sol, du har gitt din varme, så blomen synte si fargeprakt. Då kjenner me oss så veik og arme, når slik du syner di store makt.
Du signa sol som går kring vår klode og deler ut med di rause hand, du er i sanning for oss ein gode, du er ein kjenning i alle land. Eg står ved glaset og ser deg falla litt lenger ned, - ja, for kvart minutt. Og saman ser me vår dag den halla for så å kverva heilt bort til slutt.
Ja, signa sol, slik er din rutine å gjera skilnad på dag og natt. - Der kvarv du bort og gjekk til dei hine. Men i morgon - då kjem du att. Desverre så døydde mormor 22.mai, men me sit att med mange gode minner og me er takksame for at me fekk ha henne så lenge. Ho vart 95 år :)
Mormor, Synne og Kristina desember 2009.
Eg og Kristina hadde fast oppdrag å pynta hjå mormor til advent.
Det var alltid så koseleg å hengja opp stjerna og tenna lyset.
No har me dei gode minnene å ta vare på...........
Ein tur til Berlin vart det òg tid til i mai.
Fjellkoret arrangerte jubileumstur til denne mektige byen. Byen er fullstappa av historie og me fekk ein flott guida tur frå flyplassen til hotellet.
Elles vart det tid til shopping, sosialt samvere og ein tur på elva Spree.
Berlin er ein by eg godt kan reisa tilbake til.

laurdag 3. april 2010

Haging

I dag har eg vore på hagesenteret og kjøpt gjødsel og jord.
Fekk planta ut nokre stemorsblomar, så no pyntar det opp med litt fargeklattar her og der.
Det er godt å få ruska og reinsa vekk lauv og visne blader. Godt å sjå at det spirar og gror, og at nytt liv er på frammarsj.

fredag 2. april 2010

Gratulerer med dagen til Synne som er 10 år i dag:)

Gratulerer med dagen Synne :) Her er korta som ho skal få frå bestemor og bestefar og frå oss i fam Austbø. No gler me oss til å koma i besøk!!!

Påske:)

Då er det påskeferie:) På laurdag hadde eg bursdag og då fekk denne nydelege tulipanbuketten av mann og born. Feiringa gjekk strålande med store delar av familien på plass. I går var me på ein flott tur til Nordøy saman med Kjersti og Terje med fam. Her er nokre bilete frå naustet der me grilla og kosa oss. Kristina og Jonas et chips. Det er godt med litt kald drikke når me er på tur. Sulo i bakgrunnen. Stay cool på Nordøy. Er det ferie så er det ferie ;)

torsdag 31. desember 2009

Eit par nye kort.

onsdag 30. desember 2009

Då er det snart eit nytt år og eg vil nytta høve til å leggja inn eit bilete av mormor som vert 95 år den 5.januar. Mormor har vore ei aktiv dame i heile livet sitt og sjølv om ho ikkje er så førig lenger, så er ho framleis interessert i kva som skjer både lokalt og elles i verda. Ho har alltid likt å skriva og dikta. Med penn og papir har ho trylla fram dei flottaste strofer i form av songar, dikt, prologar og mykje anna. Ein song som er mykje brukt i ulike samanhangar er Øygardssongen. Her er første verset: Ver med til Øygarden ein liten tur. Så skal de sjå kor Øygardsfolket bur. Ein gard av øyar som stig opp or hav. Det er den staden me er stolte av. Ho har skrive mest om havet fordi det alltid har fasinert henne. Folket i Øygarden har alltid vore knytta til havet og sjøen. I eit anna vers i Øygardssongen står det slik: Og sjøen lokka på kvar mann og gut. Dei greidde garna, og så drog dei ut. Dei visste fisken leika der utpå Og denne leiken fekk dei hug å sjå.