onsdag 30. juni 2010

Slide show

Mange kort i mai......

Det har i grunnen vore spanande å laga konfirmasjonskort i år. 
Har vore tett på mange av konfirmantane i jobbsamanheng og fordi eg sjølv har hatt konfirmant. 







Til ein konfirmant som likar ManU og matlaging :)
Denne konfirmanten er fan av Liverpool.  Han spelar òg gitar.

Litt bilete frå hagen

Parti frå hagen Nyplanta stemor.
Litt pynt i krukka :)
Japansk kirsebærtre
Fattigmannsorkidè
Tulipanar
Løytnanshjerte
Primula
Fattigmannsorkidè

Lenge sidan sist........

No er det lenge sidan eg har skrive i bloggen min.
Mai vart ein hektisk månad i heimen.
9.mai stod den flotte jenta vår Kristina konfirmant i Hjelme kyrkje.
Me hadde ein minnerik dag som me feira med familie og vener.
Ein glad konfirmant :)
Kvart tredje år er det vårt nabolag som står for 17.mai-arrangementet på Alvheim skule, og i år var det vår tur igjen. Det vert i grunnen ikkje så mykje å styra med dersom alle som skal vera med stiller opp. Mange var flinke og kom med sitt bidrag, så dagen vart vellukka. Sjølv stod eg i kiosken og opptrådde med ein song som mormor har skrive teksten til og Jørn har laga melodi. Opprinneleg er det eit dikt som heiter SOLA.
Dikt skrive av mormora mi, Lilly Troland:
Sola
Eg står ved glaset den seine kvelden, ein kveld så vakker og fin og blid. I vest brenn himlen av solfallelden, og gjev oss bud om at dagen lid. Du signa sol, du har gitt din varme, så blomen synte si fargeprakt. Då kjenner me oss så veik og arme, når slik du syner di store makt.
Du signa sol som går kring vår klode og deler ut med di rause hand, du er i sanning for oss ein gode, du er ein kjenning i alle land. Eg står ved glaset og ser deg falla litt lenger ned, - ja, for kvart minutt. Og saman ser me vår dag den halla for så å kverva heilt bort til slutt.
Ja, signa sol, slik er din rutine å gjera skilnad på dag og natt. - Der kvarv du bort og gjekk til dei hine. Men i morgon - då kjem du att. Desverre så døydde mormor 22.mai, men me sit att med mange gode minner og me er takksame for at me fekk ha henne så lenge. Ho vart 95 år :)
Mormor, Synne og Kristina desember 2009.
Eg og Kristina hadde fast oppdrag å pynta hjå mormor til advent.
Det var alltid så koseleg å hengja opp stjerna og tenna lyset.
No har me dei gode minnene å ta vare på...........
Ein tur til Berlin vart det òg tid til i mai.
Fjellkoret arrangerte jubileumstur til denne mektige byen. Byen er fullstappa av historie og me fekk ein flott guida tur frå flyplassen til hotellet.
Elles vart det tid til shopping, sosialt samvere og ein tur på elva Spree.
Berlin er ein by eg godt kan reisa tilbake til.