torsdag 31. desember 2009

Eit par nye kort.

onsdag 30. desember 2009

Då er det snart eit nytt år og eg vil nytta høve til å leggja inn eit bilete av mormor som vert 95 år den 5.januar. Mormor har vore ei aktiv dame i heile livet sitt og sjølv om ho ikkje er så førig lenger, så er ho framleis interessert i kva som skjer både lokalt og elles i verda. Ho har alltid likt å skriva og dikta. Med penn og papir har ho trylla fram dei flottaste strofer i form av songar, dikt, prologar og mykje anna. Ein song som er mykje brukt i ulike samanhangar er Øygardssongen. Her er første verset: Ver med til Øygarden ein liten tur. Så skal de sjå kor Øygardsfolket bur. Ein gard av øyar som stig opp or hav. Det er den staden me er stolte av. Ho har skrive mest om havet fordi det alltid har fasinert henne. Folket i Øygarden har alltid vore knytta til havet og sjøen. I eit anna vers i Øygardssongen står det slik: Og sjøen lokka på kvar mann og gut. Dei greidde garna, og så drog dei ut. Dei visste fisken leika der utpå Og denne leiken fekk dei hug å sjå.

fredag 21. august 2009

Før skulestart var det garndraging med pappa. Johannes vart fasinert av denne sjøstjerna med 12 armar. Måsen ligg som regel alltid rundt båten og håpar på eit betre måltid.

Den prektige sommerfugl er fløyen fra Guds hånd. Han gav den gylne vinger og røde purpurbånd. Han lærte den å flyve høyt, høyere enn jeg er. Den har nok fuglens lyster, men ei dens dun og fjær. Og alle verdens mennesker og alle kongebud ei gjøre kan en sommerfugl. Det kan alene Gud. Henrik Wergeland

søndag 3. mai 2009

På tur til Støbergtona. Klatring i ei løyndomsfull hole
Utsikt heimover mot Ådnevika.
Tulipanar i hagen 2.mai 2009

tysdag 7. april 2009

Det er vår i hagen........
Desse korta laga eg til Synne sin bursdag:)

måndag 2. februar 2009

Utfordring frå Kjersti Ufordringa er slik:Gå til foto/mapper.Ta ut den 6. mappen og deretter det 6. bildet i denne mappen.Sett bildet på bloggen og skriv noe om dette blidet.Inviter 6 nye til å bli med på denne utfordringen.Link til dem, og la dem vite at de er utfordret. Her er utfordringsbilete nr. 6 i mappe nr. 6 Dette bilete tok eg av søskenbarna Johannes, Synne og Samuel i desember 2007. Skulle køyra dei til skulen.